Heilskapeleg kontroll
Kven er me?
Vonea AS er eit nyetablert selskap innan bygningsautomasjon og energioptimalisering.
Bak Vonea står fagfolk med bakgrunn frå bygningsautomasjon, VVS, offshore, teknisk drift og elektro. Me hjelper kundar innan bygg og industri med alt frå rådgiving og prosjektering til installasjon, programmering, testing og service. Kvart anlegg får det utstyret og dei kommunikasjonsgrensesnitta som passar best til prosjektet.
Me leverer tenester innan:
Automasjon og styringssystem
Energioptimalisering
ITB (integrerte tekniske bygningsinstallasjonar)
Programmering og feilsøking
Mekaniske system
Drift, service og optimalisering av tekniske anlegg
Vonea AS er System Partner hjå Johnson Controls og sertifisert KNX-leverandør. Me leverer løysingar til alt frå bustader til store industriprosjekt.
Målet vårt er å vera ein leverandør du kan stola på. Anlegga våre skal vera optimaliserte, trygge og energieffektive.